Nanoteknologi,  Smallprint

NANOTEKNOLOGI I VÊR OG VIND

Me i smallPrint-redaksjonen har mange gode visjonar for framtida, og forsking og teknologiutvikling er alfa og omega for at desse skal bli moglege. Ein av dei idéane eg likar best, er at byar blir berekraftige ved at me tek bruk det som no er passive overflater (t.d. byggningsfasade, vegbane og tak) og gjer dei meir funksjonelle. Eit døme kan vere så enkelt som å ha grønsakshage på verandaen eller solfangar på taket. Byane kan tilretteleggjast for at dei livsviktige biene får betre levekår, og til og med vegbana kan produsere straum frå sola.

For ei tid tilbake skreiv eg om «smart betong», betong behandla med titandioksid som gjerer at overflata reinsar farleg NOx-forureining frå lufta. Dette er etter mi meining heilt genialt, og passar perfekt inn i framtidas byar. Likevel er det lurt å tenkje seg om ein gong ekstra før ein innfører nye material i stor skala. Nanoteknologi eller ikkje, alle overflater ute blir påverka av vêr og vind, på same måte som gammal måling falmar og flassar av. Det er derfor relevant å spørje seg slitesterk ein slik coating er, og kva som skjer når den blir slitt av.

Dette har blitt sett nærare på i laboratorieforsøk som etterliknar reelle vêrforhold over ein periode på sju månadar. Forsøka viste at lite av titaniumdioksiden blei vaska ut med regnvatnet, men slitasje (til dømes når folk går på overflata eller lener seg mot veggen), gjorde at partiklar blei frigjort til lufta. Frie partiklar er som regel meir skumle enn partiklar som er bunde til material, då dei til dømes kan pustast inn. Med bakgrunn i slike forsøk kan ein få ein «best før»-dato på coatingar som blir eksponert for utemiljø. Eit grundigare (men likevel kort og lettfatteleg) samandrag frå forsøka finn du her.

Sjølv om eg skulle ynskje at slike smarte materiale viste seg å vere perfekte, både i verkemåte, slitestyrke og korleis ein handterar avfallet av det etter bruk, så syns eg det fyrst og fremst er betryggande at slikt óg blir forska på og at resultat blir publisert. Dette betyr ikkje at sjølvreinsande overflater basert på titandoksid-coating er ein dårleg idé, men at ein må ta visse forholdsreglar eller legge inn «holdbarheitsdato» for den type materiale.

1,126 Comments

Leave a Reply

Your email address will not be published.