• Nanoteknologi

    ANTIBAKTERIELLE KLEDE: EI SVEITT SANNING

    Eg blir alltid litt skuffa når det viser seg at det som i utgangspunktet er smart, blir brukt på ein dum måte. Sjølv om det er artig å sjå at nanoteknologi blir stadig vanlegare i forbrukarprodukt, er det diverre mange av dei som endar opp i nettopp den kategorien. Dersom du skal handle treningsklede kjem du kanskje borti klede som lovar at dei ikkje skal lukte sveitte, ofte merka «anti odor», «antilukt» eller «antibakteriell». Alle som har trent inne på eit overfullt, dårleg ventilert treningssenter kan seie seg einige at det ikkje høyrest dumt ut. Men er det eigentleg så lurt? Sjølv om eg trur nanoteknologi kjem til å løyse…