-
Alt kan byggast med lego
I forbindelse med nanoteknologi høyrer me ofte om avanserte mikroskop og laboratorium til millionar og milliardar av kroner. Ganske kult, men upraktisk og altfor dyrt for å til dømes introdusere nano-verktøy til skuleklassar og andre nysgjerrige folk der ute. Lego2Nano beviser at det er ikkje alt med nanoteknologi som er så frykteleg dyrt og avansert, det går faktisk an å lage med lego! På bildet ser du ein AFM (atomic force microscope), som er laga av lego, nokon 3D-printa deler og billige elektroniske komponentar. Kult, ikkje sant? Lego2Nano finn stad dei to neste vekene i Bejing, og er eit opplegg for skuleelevar frå Beijing, Boston og Taipei, der dei får utvikle vitskaplege instrument…