
Alt kan byggast med lego
I forbindelse med nanoteknologi høyrer me ofte om avanserte mikroskop og laboratorium til millionar og milliardar av kroner. Ganske kult, men upraktisk og altfor dyrt for å til dømes introdusere nano-verktøy til skuleklassar og andre nysgjerrige folk der ute. Lego2Nano beviser at det er ikkje alt med nanoteknologi som er så frykteleg dyrt og avansert, det går faktisk an å lage med lego! På bildet ser du ein AFM (atomic force microscope), som er laga av lego, nokon 3D-printa deler og billige elektroniske komponentar. Kult, ikkje sant?
Lego2Nano finn stad dei to neste vekene i Bejing, og er eit opplegg for skuleelevar frå Beijing, Boston og Taipei, der dei får utvikle vitskaplege instrument på ein billig og kreativ måte. Håpar noko lignande finn vegen til norske klasserom om ikkje altfor lenge.
