Vekas video: Bly på menyen

 

Den lille luringen på filmen er ein tubeforma mikrobot bygd opp av tre ulike lag: Ytterlaget består av grafénoksid som adsoberar bly frå vatn. Mellomlaget er av nikkel, som gjer at mikroboten blir ferromagnetisk. Det gjer at rørsla kan bli kontrollert av eit ytre magnetisk felt. Kjerna er av platinum, som gjer at mikroboten kan bevege seg i vatn. Propellrørsla oppstår når hydrogenperoksid blir tilsett vatnet. Platinum og hydrogenperoksid reagerer og dannar oksygenbobbler som gjev drivkrafta til rørsla. Mikrobotane kan bli «kalla ut på oppdrag» for å reinse vatn forureina av bly, og når jobben er gjort blir dei kalla tilbake med hjelp frå det ytre magnetfeltet. Etter at mikrobotane er samla, kan dei reinsast for bly og brukast om att. Smart, ikkje sant?

 

Les meir om saken frå phys.org eller gå rett til publikasjonen i Nano Letters. Filmen er tilgjengeleg for alle via ekstramaterialet til publikasjonen,

Video: Vilela, et al. ©2016 American Chemical Society

 

Facebooktwittergoogle_plusredditpinterestlinkedinmailby feather
 


Marit Kjærvik

Om

Eg synes linken mellom teori og anvendelse er veldig spennande, og ser på det som ein god utfordring å formidle dette. For smallPrint skriv eg gjerne om samfunnsrelevante og aktuelle tema knytta til nanoteknologi. Elles syns eg det er spesielt motiverande å skrive om teknologi som allerede er testa ut og som fungerer. Eg er utdanna nanoteknolog, og det kommande året er eg ansatt av GenØk- senter for biosikkerheit, der eg skal jobbe som forskar ved North West University i Sør-Afrika.


'Vekas video: Bly på menyen' har ingen kommentarer

Vær den første til å kommentere dette innlegget

Del dine tanker

Your email address will not be published.

© smallPrint A.S. All right reserved. Page based on Old Paper by ThunderThemes.net