Vekas illustrasjon: Solkrem

Vekas illustrasjon minner alle om at me går lysare tider i møte. Dette betyr lange langar i sola, og då er det viktig å beskytte seg mot dei energirike solstrålane. Dei aller fleste veit at solstråling har eit eller anna med UVA og UVB å gjere, men korleis var det no igjen? Denne illustrasjonen gjev ein fin oversikt over dette. Dei sekskanta formasjonane viser organiske molekyl, der kvart hjørne tilsvarar eit karbonatom. Desse molekyla virkar som kjemisk filter, dei er nemleg i stand til å absorbere sollyset og gjere det om til varme. Ulike molekyl absosrberer ulike energiar, derfor er det nødvendig med fleire ulike typar. I tillegg inneheld solkremen kjemisk filter, då reflekterer partiklane strålinga vekk, så den ikkje treff huda.

Kva har dette med nanoteknologi å gjere? Jo, i solkrem er det ofte nanopartiklar. Kvifor det er ein god idé, blir nærare forklart i ein kommande artikkel. I mellomtida er det berre å glede seg til sommaren!

Facebooktwittergoogle_plusredditpinterestlinkedinmailby feather
 

Marit Kjærvik

Om

Eg synes linken mellom teori og anvendelse er veldig spennande, og ser på det som ein god utfordring å formidle dette. For smallPrint skriv eg gjerne om samfunnsrelevante og aktuelle tema knytta til nanoteknologi. Elles syns eg det er spesielt motiverande å skrive om teknologi som allerede er testa ut og som fungerer. Eg er utdanna nanoteknolog, og det kommande året er eg ansatt av GenØk- senter for biosikkerheit, der eg skal jobbe som forskar ved North West University i Sør-Afrika.


'Vekas illustrasjon: Solkrem' har ingen kommentarer

Vær den første til å kommentere dette innlegget

Del dine tanker

Your email address will not be published.

© smallPrint A.S. All right reserved. Page based on Old Paper by ThunderThemes.net