Vekas bilde: Alt kan byggast med lego

I forbindelse med nanoteknologi høyrer me ofte om avanserte mikroskop og laboratorium til millionar og milliardar av kroner. Ganske kult, men upraktisk og altfor dyrt for å til dømes introdusere nano-verktøy til skuleklassar og andre nysgjerrige folk der ute. Lego2Nano beviser at det er ikkje alt med nanoteknologi som er så frykteleg dyrt og avansert, det går faktisk an å lage med lego! På bildet ser du ein AFM (atomic force microscope), som er laga av lego, nokon 3D-printa deler og billige elektroniske komponentar. Kult, ikkje sant? Meir nøyaktig skildring av korleis det blir laga finn du her.

Lego2Nano finn stad dei to neste vekene i Bejing, og er eit opplegg for skuleelevar frå Beijing, Boston og Taipei, der dei får utvikle vitskaplege instrument på ein billig og kreativ måte. Håpar noko lignande finn vegen til norske klasserom om ikkje altfor lenge.

Bilde: Alice Pyne/wired.co.uk

Facebooktwittergoogle_plusredditpinterestlinkedinmailby feather
 

Tagged: , ,


Marit Kjærvik

Om

Eg synes linken mellom teori og anvendelse er veldig spennande, og ser på det som ein god utfordring å formidle dette. For smallPrint skriv eg gjerne om samfunnsrelevante og aktuelle tema knytta til nanoteknologi. Elles syns eg det er spesielt motiverande å skrive om teknologi som allerede er testa ut og som fungerer. Eg er utdanna nanoteknolog, og det kommande året er eg ansatt av GenØk- senter for biosikkerheit, der eg skal jobbe som forskar ved North West University i Sør-Afrika.


'Vekas bilde: Alt kan byggast med lego' har ingen kommentarer

Vær den første til å kommentere dette innlegget

Del dine tanker

Your email address will not be published.

© smallPrint A.S. All right reserved. Page based on Old Paper by ThunderThemes.net