Når «nano» vert farleg

Denne artikkelen er originalt publisert i Aftenposten Viten 6.5.15

 

Skal «nano» bli eit negativt moteord slik som «gluten» og «kjemikalie»?

Sola står stadig høgare på himmelen, og me går mot ein ny og herleg sommar. Saman med sola kjem formaningane om å bruke solkrem, og skrekktilfellene om kva som skjer dersom ein ikkje gjer det. Eg er over gjennomsnittleg opptatt av at solkremen eg nyttar er bra for både meg og miljøet, og eg gjekk derfor inn på Forbrukarrådet sine sider for sjå kva dei anbefaler av solkrem.

Der blir ein presentert for ei liste av ulike solkremar, der kvar solkrem blir vurdert med smilefjes ut frå tre kategoriar: hormonforstyrrande, allergiframkallande og nano. Sistnemnde kategori gjorde meg nysgjerrig, kvifor er det nanostoff i solkrem, og bør det vere der?

Absorbere eller reflektere

Det er i seg sjølv fantastisk at ein enkel krem kan beskytte mot den energirike strålinga frå sola. I tillegg til dette skal kremen vere lett å påføre, halde seg lenge, vere vassfast og ikkje minst; ufarleg for menneske, dyr og miljø. Når ein solar seg utan solkrem eller dekkjande klede, vil solstrålane trenge inn i huda, der dei kan skade DNA-et. Av og til blir skaden så stor at ukontrollert celledeling oppstår, noko som kan føre til kreft. Solkrem beskyttar mot dette på to måtar, og som regel blir desse to verkemåtane kombinert i ein solkrem.

Ein måte å beskytte mot sola på er med kjemisk filter. Då nyttar ein organiske molekyl som i hovudsak består av ringforma karbonforbindingar. Desse molekyla absorberer energien frå solstrålane og gjer den om til varme. I tillegg til parfyme og konserveringsmiddel, er det denne typen verkestoff som kan vere allergiframkallande og hormonforstyrrande, noko som òg kjem fram frå Forbrukarrådet si liste over stoff dei åtvarar mot i solkrem.

Allergi- og miljøvennlege solkremar baserer seg meir på fysisk filter. Då brukar ein partiklar som i praksis fungerer som små speiglar, dei reflekterer solstrålane vekk slik at mesteparten av strålane ikkje treff huda. Det er i hovudsak titaniumdioksid (TiO2) og sinkoksid (ZnO) som blir brukt, nettopp fordi dei har ein sterk kvitfarge og fungerer derfor bra til å reflektere lys.

Dette er grunnen til at visse typar solkrem, spesielt før i tida, gjorde at huda blei heilt kvit.

Gjennomsiktige speiglar

Moderne solkrem inneheld som regel ein kombinasjon av kjemisk og fysisk filter, men ein blir ikkje lenger krittkvit i huda. Grunnen til dette er at det fysiske filteret består av partiklar med nanostorleik. Verkemåten er den same, men partiklane er så små at dei blir gjennomsiktige for auga. Dersom det er nanopartiklar i solkremen, er det altså fordi solkremen ikkje skal leggje att kvitfarge på huda etter påføring.

TiO2 og ZnO er begge naturleg forekommande oksid som er mykje brukt i kosmetikk og andre forbrukarvarer, nettopp grunna kvitfargen. Det blir brukt i stor skala mellom anna som pigment til måling, i tannkrem, salve og i tatoveringsblekk.

Kan ein då anta at det er like trygt når storleiken på partiklane blir mindre?

Ikkje nødvendigvis.

Det fantastiske med nanoteknologi er at stoff i nanoform kan ha heilt andre eigenskapar enn den normale versjonen av stoffet. Dette opnar opp ei ny verd av bruksområde, men med dei gode eigenskapane kan òg dårlege kome. Ein kan ikkje ta for gitt at stoff på nanoform er trygge, sjølv om stoffet vanlegvis er det.

Gjennom huda?

Når ein skal vurdere om eit stoff er skadeleg for kroppen, må det fyrst og fremst oppfylle eit viktig kriterium: Kjem det seg inn i kroppen og blodomløpet? Det er lett å tenkje at til mindre partiklane er, desto lettare er det å trenge inn i huda. Så enkelt er det ikkje. Huda er nettopp ein barrière for uønskte partiklar, og gjer ein veldig god jobb med det.

I 2012 gjennomførte ei forskningsgruppe frå Universitetet i Bath forsøk der dei såg på om nanopartiklar av polystyren penetrerte hud frå gris, eit tilfelle som etterliknar korleis nanopartiklar i kosmetikk virkar på vår hud. Resultatet viste at sjølv dei minste partiklane på 20 nm ikkje trengte gjennom huda. EU sin vitskapskomité for forbrukartryggleik (SCCS) vurderte i 2014 bruk av TiO2 på nanoform i solkrem. Dei konkluderte med at dette er trygt å påføre huda, mellom anna fordi det pr. dags dato ikkje er noko forskning som viser at denne typen nanopartiklar penetrerer huda.

Saka er ein heilt anna dersom ein pustar inn nanopartiklar. Då kjem partiklane seg inn i lungene, og der er det lettare å gjere skade. Rapporten frå SCCS tek óg hensyn til dette, då dei seier at TiO2 på nanoform er trygt å bruke, med unntak for tilfelle der sjansen er stor for at ein pustar det inn.

Med dette i bakhovudet er det stor forskjell på krav til krem som berre blir påført huda, samanlikna med til dømes spray og pudder, som mykje lettare kan bli pusta inn.

Farleg forenkling

Produkt som har nanopartiklar i seg, blir alltid merkte med det i innhaldslista. Det er i utgangspunktet rimeleg lett for folk å finne ut kva som er i solkrem og anna kosmetikk, og så velje det vekk dersom ein er skeptisk.

Når Forbrukarrådet sidestiller nanopartiklar med hormonforstyrrande og allergiframkallande stoff, er det fordi dei meiner at ein veit så lite om langtidseffekten av nanostoff, at føre var-holdningen bør stå sterkt.

Det er i og for seg godt tenkt, men det blir likevel for lettvint å framstille dette i form av sure og blide smilefjes under kategorien «nano». Som diskutert over, er det ulike faremoment for ulike typar produkt. Det same kan seiast om kva type nanopartiklar ein brukar. Ei slik framstilling ser òg bort frå moglegheiten for at solkrem med nanostoff kan vere betre og tryggare enn «normal» solkrem, fordi andre skadelege ingrediensar blir bytta ut.

Det er feil å bruke «nano» som skildring for ei gruppe produkt som kan vere trygge eller farlege, til det er bruk av ulike stoff i ulike produkt altfor forskjellige. Det føyer seg i så fall inn i rekka samen med negative moteord som til dømes gluten og kjemikalie, og ei slik framstilling er ingen tent med.

Gir eg nano surt eller blidt smilefjes? Ingen av delane, så enkelt er det nemleg ikkje.

Facebooktwittergoogle_plusredditpinterestlinkedinmailby feather
 

Tagged: ,


Marit Kjærvik

Om

Eg synes linken mellom teori og anvendelse er veldig spennande, og ser på det som ein god utfordring å formidle dette. For smallPrint skriv eg gjerne om samfunnsrelevante og aktuelle tema knytta til nanoteknologi. Elles syns eg det er spesielt motiverande å skrive om teknologi som allerede er testa ut og som fungerer. Eg er utdanna nanoteknolog, og det kommande året er eg ansatt av GenØk- senter for biosikkerheit, der eg skal jobbe som forskar ved North West University i Sør-Afrika.


'Når «nano» vert farleg' har 3 ckommentarer

  1. 19. august 2015 @ 17:17 smallPrint / Ukens bilde: Endelig sommer

    […] Vil du lese litt mer om hva slags nanopartikler som finnes i solkremer kan lese denne bloggen til The Guardian eller vår egen artikkel av Marit om hvor vidt “nano” er farlig. […]

    Svar

  2. 26. oktober 2015 @ 15:27 smallPrint / Regnfrakk på boks – Forsker for en dag

    […] bak den hydrofobe overflaten. Nanoteknologi brukes allerede i en del produkter som denne sprayen, solkrem og ledende lim, og i årene som kommer blir det spennende å se hvilke flere bruksområder […]

    Svar

  3. 26. desember 2015 @ 13:52 smallPrint / Eit nanoproblem i Førdefjorden

    […] bruksområde. Tidlegare har eg skrive om korleis det kan rense lufta for NOx-forureining og at mange solkremar inneheld nanopartiklar av TiO2. Dette er nyttige bruksområder og framtidsretta teknologi, men har […]

    Svar


Del dine tanker

Your email address will not be published.

© smallPrint A.S. All right reserved. Page based on Old Paper by ThunderThemes.net