Lag det sjølv!

Harde pakker under treet er alltid kjekt, men gåver som det er lagt tid og tanke bak, er det som betyr aller mest. Kvart år er det nokon som slår eit slag for dei heimelaga gåvene. Heimestrikka sokkar, heimelaga karamell og pannebånd er velutprøvde ting, men kva med å ta ting eit steg vidare og tenke litt utanfor boksen? smallPrint presenterer DIY nanojulegåver.

 

Skriv eit aldri så lite julekort

Julekortet frå James Watt Nanofabrication Centre ved universitetet i Glasgow

Julekortet frå James Watt Nanofabrication Centre ved universitetet i Glasgow

Å sende julekort er ikkje så populært som det var før, og mange tek nok snarvegen med å legge ut eit bilde på Facebook eller sende ein «god jul»-snap. Som ein motpol til dette kan ein gjere seg ekstra flid med årets julekort, og mindre er som kjent betre. Verdas minste julekort er 200×290 µm stort, og etsa inn på ei glasplate. Dersom du er ekstra glad i bestemor di, lagar du eit kort som er endå mindre enn det.

 

 

 

 

 

 

Lag ein snømann

article-0-0774F7AF000005DC-981_634x510

Bildet er frå heimesida til NPL (National Physical Laboratory), her kan du og lese meir om korleis den er laga.

Ein blir aldri for gammal til å leike i snøen, og det er ein perfekt førjulsaktivitet ein kan gjere med yngre familiemedlemmar. I framtida kan snø bli ei mangelvare, noko som betyr at ein må revurdere val av material og metode for å lage snømann. Som bildet av julekortet viser, så er ofte små ting på størrelsesorden med eit hårstrå. Snømannen som David Cox lagde, måler om lag ein femtedel av eit hårstrå. Den blei satt samen av to små kuler som vanlegvis blir brukt til kalibrering av elektronmikroskoplinser. Kulene blei lodda på med titanium, medan auge og smil blei lagd med fokusert ionestrålemikroskop (FIB).

 

 

 

 

Brett ein buckyball

Ein buckyball er eit molekyl som består av 60 karbonatom arrangert på same måte som ein fotball. Dei observante (og realistiske) lesarane har kanskje innsett at julegåvetipsa så langt har vore litt i overkant utstyrskrevjande. I fyrste omgang må ein kanskje ynskje seg eit elektronmikroskop til jul, for å få til å lage gåvene året etter? Fram til det skjer, kan du heller gå for god, gammaldags papirbretting. Buckyballen er relativt lett å brette (i følge youtube), og er så dekorativ at den passar både i vindauget og i toppen av juletreet.

 

Facebooktwittergoogle_plusredditpinterestlinkedinmailby feather
 


Marit Kjærvik

Om

Eg synes linken mellom teori og anvendelse er veldig spennande, og ser på det som ein god utfordring å formidle dette. For smallPrint skriv eg gjerne om samfunnsrelevante og aktuelle tema knytta til nanoteknologi. Elles syns eg det er spesielt motiverande å skrive om teknologi som allerede er testa ut og som fungerer. Eg er utdanna nanoteknolog, og det kommande året er eg ansatt av GenØk- senter for biosikkerheit, der eg skal jobbe som forskar ved North West University i Sør-Afrika.


'Lag det sjølv!' har ingen kommentarer

Vær den første til å kommentere dette innlegget

Del dine tanker

Your email address will not be published.

© smallPrint A.S. All right reserved. Page based on Old Paper by ThunderThemes.net