Kunnskap for ei betre verd?

2014-09-20 15.02.56Som teknologistudent blir ein raskt klar over den store rolla oljeindustrien har ved universitetet, og ein blir raskt komfortabel med den i form av attraktive bedriftspresentasjonar, stands, prosjekt- og masteroppgåver og jobbmoglegheiter. No blir det sett spørsmålsteikn ved det.

I januar i år fekk Den nasjonale forskningsetiske komité for naturvitskap og teknologi (NENT) spørsmål frå Universitetet i Bergen om å gjere ei forskingsetisk vurdering av norsk petroleumsforskning. Bakgrunnen for dette var mellom anna diskusjonar rundt fornying av avtalar mellom Statoil og forskningsinstitusjonar, der mellom anna NTNU inngjekk ein avtale til ein verdi av 310 millionar kroner. NENT konkluderar med at universiteta må bli meir bevisst på sitt ansvar som kunnskapsprodusent og skriv som hovudkonklusjon:

«NENT mener det er forskningsetisk uforsvarlig om petroleumsforskningens rammebetingelser og forskningsaktiviteter hindrer omstillingsprosesser slik at FNs klimamål som, Norge har forpliktet seg til, ikke kan nås.»

Omstillingsolje
Dersom universiteta skal handle i tråd med denne konklusjonen står me føre store endringar. Sjølvsagt har ein oljenasjon som Noreg tett samarbeid mellom universiteta og oljebransjen, og er det i det heile tatt andre å samarbeide med på så stor skala? Ikkje endå. I rapporten understrekar NENT at verda i dag er avhengig av petroleum, og at å kutte tvert av vil ha store økonomiske og sosiale konsekvensar. I mangel på meir miljøvenlege alternativ kan dette til og med gi ei negativ miljøeffekt, og petroleumsrelatert forskning spelar derfor ei rolle i ein omstillingsprosess. Omstillingsprosess er med andre ord nøkkelordet her, og denne omstillingsprosessen er fortsatt ikkje konkret. Så gjenstår det å bestemme kva for peotroleumsforskning som jobbar for å overstige FN sine klimamål, og kva for forskning som er etisk forsvarleg i mangel på betre energialternativ.

Kan, men vil ikkje bytte sektor
Dette er rammene for debatten på klimakonferansen til Naturvernforbundet i Trondheim laurdag 20. september. President i Tekna, Lise Lyngsnes Randeberg presenterte mellom anna relevante resultat frå ei medlemsundersøking blant høgt utdanna ingeniørar innan petroleum. Der kom det fram at 75% av dei meiner at dei har kompetanse som er relevant for andre sektorar, mellom anna miljøteknologi. Samstundes er det få av desse som faktisk vil bytte arbeidssektor. Grunnen til dette er ikkje kjent, men høg lønn og gode arbeidsvilkår samt teknologiske utfordringar gjer oljebransjen svært attraktiv. Fins det ganske enkelt ikkje betre alternativ? Randeberg meiner at for å snu denne trenden må næringspolitikken prioritere meir bærekraftige områder, og å sette i gang teknologioverføringsprogram som skapar nye arbeidsplassar.

Olav B. Fosso er leiar for NTNU sitt satningsområde for energi, og gir inntrykk av at sjølv om NTNU tek rapporten på alvor, vil det ikkje skje dramatiske endringar med det fyrste. Han påpeika eit interessant aspekt, der han fortalte om lita interesse frå studentane si side rundt grunnforskning på fornybar energi. Studentane er meir interesserte i å skrive oppgåver på oppdrag frå industrien, som igjen gjer dei meir attraktive for arbeidsmarknaden, meinte han.

Kven har ansvar?
I rapporten blir det advart mot ansvarsvakuum, og det er vel nettopp det som skjedde i denne debatten. Sjølv om alle er einige om at ein må starte ein overgangsprosess frå fossilt til fornybart, er det vanskeleg å sei kven som skal ta det fyrste steget. Tekna sin president meiner at politikarane må på bana og legge til rette og gjere det attraktivt å jobbe innan fornybarsektoren, NTNU tek sjølvsagt imot dei forskningsmidlane dei kan få, og etterlyser større interesse og press frå studentane.

Som student føler ein seg ganske makteslaus. Sjølvsagt er ein fri til å ta sjølvstendige val ut frå eigne synspunkt, sjølvsagt har dei mest suksessfulle bransjane mest peng til rekruttering og sjølvsagt vel ein fyrst og fremst det som er best for seg sjølv. Studentar står fritt til å velje vekk petroleumsbaserte jobbar, men kva sit ein igjen med då? Dersom ein går innom bedriftsdagar, rekrutteringsstands, ser gjennom masteroppgåver og jobbannonsar retta mot teknologistudentar og tek vekk det som er forskningsetisk uforsvarleg i følge NENT, er det veldig mykje som forsvinn. Det er nok av kunnskapsrike studentar som vil jobbe for ei betre verd, då må universiteta og arbeidslivet fylgje opp og gi oss moglegheita til det.

Rapporten kan lesast i sin heilheit her

 

Facebooktwittergoogle_plusredditpinterestlinkedinmailby feather
 


Marit Kjærvik

Om

Eg synes linken mellom teori og anvendelse er veldig spennande, og ser på det som ein god utfordring å formidle dette. For smallPrint skriv eg gjerne om samfunnsrelevante og aktuelle tema knytta til nanoteknologi. Elles syns eg det er spesielt motiverande å skrive om teknologi som allerede er testa ut og som fungerer. Eg er utdanna nanoteknolog, og det kommande året er eg ansatt av GenØk- senter for biosikkerheit, der eg skal jobbe som forskar ved North West University i Sør-Afrika.


'Kunnskap for ei betre verd?' har ingen kommentarer

Vær den første til å kommentere dette innlegget

Del dine tanker

Your email address will not be published.

© smallPrint A.S. All right reserved. Page based on Old Paper by ThunderThemes.net