Den usynlege plasten

Me er alle smerteleg klar over at havet er fullt av søppel, ofte assosiert med avfall som blir skylt på land langs kysten eller gigantiske flak av plast som hopar seg opp der havstraumar møtest. Dette er diverre ikkje berre den synlege plasten som er problemet, delar av plastavfallet i havet er i så små biter at det er nærast usynleg.

Mikro er på same måte som nano eit prefiks som egentleg berre representerer eit tal, nemleg 0,000001. Dersom du deler opp ein millimeter i 1000 deler, er kvar bit ein mikrometer lang. Dersom du deler ein av dei bitane opp i tusen igjen, er kvar av dei bitane ein nanometer lange. Mikro-begrepet representer såleis det som er veldig smått, men likevel ein god del større enn det som er på nanonivå. Til dømes har håret på hovudet vanlegvis ein diameter på 20-100 mikrometer.

tannkrem

Mikroplast funne i tannkrem

Mikroplast er definert som små plastbitar på omlag 5 mm og mindre. Dei er ikkje så lette å få auge på, men analyse av vassprøvar viser at det er utruleg store mengder av desse små plastbitane i havet. Ein del av bitane kjem frå større plastbitar som har blitt brutt ned til mindre einingar av mellom anna bølgjer og UV-lys, der slitasje frå bildekk er antatt å vere den største kjelden i Noreg. Noko kjem óg frå direkte utslepp av små plastkuler, som mellom anna finst i kosmetikk. Plastkulene er så små at når dei blir skylt ut i vasken, blir dei i mindre grad filtrert ut av renseprosessar før dei når havet.

Det er vanskeleg å anslå akkurat kor mykje mikroplast som fins i havet, men ein finn spor av det overalt, i både vassprøvar, fisk og sjødyr. Ein rapport frå Norsk institutt for vannforskning (NIVA) viser at forskarar finn no plast i over halvparten av alle vassprøvar tekne frå verdshava, og at 95% av havhest i Nordsjøen har plast i magen.

I tannkrem og ansiktskrubb
Ein del av mikroplasten kjem frå kosmetikkindustrien, der ein finn små plastkuler i mellom anna tannkrem og skrubbeprodukt. I tannkrem gir kulene ein slipeffekt for kvitare tenner, medan skrubbeprodukt har den openbare funksjonen å skrubbe vekk døde hudceller, og plastkuler er ein billigare ingrediens enn til dømes saltkorn som gjer same nytten.

 

Men kor mykje utslepp bidreg ein egentleg til ved å bruke denne typen produkt? Dette har ei forskningsgruppe frå Universitetet i Plymouth sett nærare på, og ei samanfatning av resultata er å finne i ei pressemelding frå universitetet. Dei tok utgangspunkt i ulike typar ansiktsskrubb og filterte ut plastkulene med kraftige vakuumpumper. Kulene hadde ein storleik mellom 164 og 327 mikrometer. Så sette dei seg ned for å telje kulene, noko som er lettare sagt enn gjort når dei er så små. For å i heile tatt sjå kulene, brukte dei mikroskop. Etter ein oppteljing (som forhåpentlegvis blei gjort av eit dataprogram og ikkje ein stakkars laboratorieassistent) fann dei mellom 137 000 og 2,8 millionar mikropartiklar per 1,5 dl produkt.
Forskarane estimerte at ein slepp ut mellom 4594 og 94 500 plastkuler kvar gong ein brukar eit slikt produkt. Norske forbrukarar slepp årleg ut om lag 40 tonn mikroplast grunna bruk av kosmetikk, der 4 tonn blir frakta ut til sjøen. Liknande tal (justert etter folketal) finn ein for andre land. Det er liten tvil om at dette er uheldig. Plast blir veldig sakte nedbrote, og hopar seg derfor opp. Storleiken på mikroplast gjer at fisk lett kan forveksle små plastbitar med plankton og anna mat.

width_600

Illustrasjon frå rapporten «Sources of microplastic pollution to the marine environment»/Mepex. Klikk på illustrasjonen for større bilde

Illustrasjonen frå Miljødirektoratet (Mepex-rapporten) viser at mikroplast frå kosmetikk tross alt utgjer ein liten del av dei totale utsleppa av mikroplast. Likevel er det ikkje ubetydeleg, spesielt fordi det er her det er lettast å redusere utsleppa samt å skape bevisstheilt rundt problemet hjå forbrukarane. Bruk av mikroplast i kosmetikk er strengt tattganske unødvendig.

«Beat the Microbead»
Det er stadig merksemd om problemet med mikroplast, og fleire iniativ for å gjere noko med det. Ei openbar løysing er eit forbud mot å bruke mikroplast i kosmetikk. Dette blir mellom anna støtta opp i ein publikasjon som kom ut i september, der forskarar understrekar at vitenskaplege funn støttar opp under dette. Medan me ventar på det, kan ein som forbrukar begrense eigen bruk av kosmetikk som inneheld mikroplast. Aksjonen «Beat the Microbead» er ein kampanje som informerer om korleis ein kan unngå slike produkt, og blir mellom anna støtta av Naturvernforbundet. I 2014 fann Naturvernforbudet 28 ulike kosmetikkprodukt som inneheld mikroplast. Produkt som er Svanemerka er dessutan garantert utan mikroplast (definert som plastbitar mindre enn 1 mm). Dersom du vil sjekke sjølv i innhaldsdeklerasjonen kan du sjå etter om det inneheld polyetylen eller polypropylen, eller scanne strekkoden med appen til «Beat the Microbead».

Som illustrasjonen frå Mepex-rapporten tydeleg viser, er slitasje av bildekk den overlegent største bidragsytaren til mikroplast-utslepp i Noreg. Dette kom overraskande på meg i alle fall, og viser godt kor komplekse globale miljøproblem er. Eit nettsøk på «mikroplast» gir tilsynelatande tannkrem og skrubbeprodukt skylda for at havet fyllast opp av usynleg plast, når det i realiteten er bilkøyring og måling av fritidsbåtar som er det store problemet. Det er lettare å be forbrukarar bytte ut ansiktsskrubben sin med ein anna, enn å konstantere at det er nødvendig med store strukturelle endringar i trafikk og forbruk.

 

Framsidebilde: Bakir/Thompson/Plymouth University Electron Microscopy Centre

Facebooktwittergoogle_plusredditpinterestlinkedinmailby feather
 


Marit Kjærvik

Om

Eg synes linken mellom teori og anvendelse er veldig spennande, og ser på det som ein god utfordring å formidle dette. For smallPrint skriv eg gjerne om samfunnsrelevante og aktuelle tema knytta til nanoteknologi. Elles syns eg det er spesielt motiverande å skrive om teknologi som allerede er testa ut og som fungerer. Eg er utdanna nanoteknolog, og det kommande året er eg ansatt av GenØk- senter for biosikkerheit, der eg skal jobbe som forskar ved North West University i Sør-Afrika.


'Den usynlege plasten' har 1 kommentar

  1. 19. mai 2017 @ 12:07 smallPrint / Tre om plast

    […] at disse brytes ned til mikroplast. Men mikroplast kan havne i havet på andre måter. Marit har tidligere omtalt Mepex-rapporten, som sier at det årlig er utslipp av 8000 tonn mikroplast i Norge, hvorav […]

    Svar


Del dine tanker

Your email address will not be published.

© smallPrint A.S. All right reserved. Page based on Old Paper by ThunderThemes.net