Antibakterielle klede: Ei sveitt sanning

Eg blir alltid litt skuffa når det viser seg at det som i utgangspunktet er smart, blir brukt på ein dum måte. Sjølv om det er artig å sjå at nanoteknologi blir stadig vanlegare i forbrukarprodukt, er det diverre mange av dei som endar opp i nettopp den kategorien. Dersom du skal handle treningsklede kjem du kanskje borti klede som lovar at dei ikkje skal lukte sveitte, ofte merka «anti odor», «antilukt» eller «antibakteriell». Alle som har trent inne på eit overfullt, dårleg ventilert treningssenter kan seie seg einige at det ikkje høyrest dumt ut. Men er det eigentleg så lurt? Sjølv om eg trur nanoteknologi kjem til å løyse mange verdsproblem, er nok ikkje sveittelukt eit av dei.

Korleis virkar det?

Sveitte består av vatn, små mengder salt og litt fett, protein og cellerestar. Når kroppen blir for varm, sveittar me for å kjøle oss ned. Sveitte i seg sjølv her luktfritt, lukta kjem av bakteriar som lev av næringsstoffa i væska. For å forhindre sveittelukt i klede er det derfor naturleg å tilsette noko for å hindre bakterieveksten. Du sveittar altså like mykje, men det luktar mindre fordi bakteriane ikkje trivest så godt lenger. Det er mange framgangsmåtar for å få tøy til å bli antibakterielle, ofte ved å tilsetje nanopartiklar av sølv eller triklosan. Ei nærare forklaring på korleis produsentane går fram har eg diverre ikkje funne.


Men… virkar det slik det skal?
Det er ei kjent sak at klede blir slitt når me brukar dei, og ikkje minst vaskar dei. Dei mistar fasongen og fargen falmar. Noko av innhaldet i stoffet blir med vaskevatnet vidare på ferda, og logisk nok skjer dette óg med nanopartiklar som er tilsett for å hindre lukt. Dette betyr at antilukt-funksjonen virkar dårligare og dårligare til meir enn vaskar kleda. Det betyr og at partiklane som er tilsett, blir med vaskevatnet vidare.

Statens institutt for forbruksforskning (SIFO) testa lukteigenskapane til 13 ulike material, både med antilukt-funksjon, syntetiske material, ull og bomull. Sjølv om tekstil med antilukt-funksjon kom betre ut enn andre syntetiske material, gjorde bomull og ikkje minst ull det betre. Då antilukt-klede fyrst byrja å lukte, gjekk ikkje lukta vekk i vask eingong. I Sverige testa Kemikalieinspektionen 25 tekstilprodukt som reklamerte med å vere luktfrie. Ein tredel av plagga hadde ingen bakterihemmande effekt frå starten av, og 40 prosent som var bakteriehemmande i starten hadde ingen verknad etter ti vask. Det stemmer overens med publikasjoner som viser at nanopartiklar av sølv  og titandioksid har blitt funne i vaskevatn etter vask av antilukt-klede og –sokkar. Kva som skjer vidare med nanopartiklar i vatn, og om eventuelle skadevirkningar er eit veldig omfattande tema som ikkje blir tatt vidare opp her. Tidlegare har eg skrive om dette i samanheng med gruvedrift og sjødeponi i Førdefjorden. Det er ikkje heilt det same, men tek opp korleis ein går fram for å vurdere nanopartiklar i vatn.

Kort oppsummert:

1) Ein del antilukt-klede virkar ikkje i heile teke
2) Dei som virkar, mistar fort verknaden etter vask
3) Dette fører til utslepp av nanopartiklar i vatn

Er bakteriar noko å vere redd for?
Sjølv om nokon bakteriar står bak livsfarlige infeksjonar, og andre som tidlegare nemnt gir svettelukt, er dei aller fleste bakteriar ufarlige og mange til og med nødvendige. Det er ekstremt viktig at me har midlar til å drepe dei farlige bakteriane. Overdriven og feil bruk av antibiotika fører til antibiotikaresistente bakteriar, som allereie er eit stort problem. Eit så stort problem at WHO beskriv det som eit av dei største folkehelseproblema verda har. Bruk av sølv-nanopartiklar er eit viktig medisinsk verktøy, og blir mellom anna brukt i bandasjar, kremar og som coating for å halde utstyr sterilt. For å hindre bakteriar å bli resistente mot det óg, bør ein bruke det svært restriktivt. I den samanheng er bruk av antibakterielle stoff i forbruksvarer veldig uheldig.

Nytte opp mot konsekvens

Dersom nytta er veldig stor, kan ein óg akseptere større negative konsekvensar til det. For treningsklede som enten ikkje virkar eller fort misser verknaden, trur eg dei fleste er einige at negative konsekvensar overgår fordelen ved å kanskje lukte mindre sveitte. I 2010 anbefalte Klima- og forureiningsdirektoratet forbrukarar å unngå tekstilar med antibakterielle eigenskapar, nettopp fordi det er så unødvendig. Bruken må «sparast» til tilfeller der ein verkeleg treng det, til dømes ved brannskade og behandling av sår. Klede med antibakterielle middel skal merkast, og dersom nanomaterial er brukt, skal det opplysast ekstra om det. Framtida i våre hender har ein oversikt over kva treningsklede med antibakterielle stoff ein får tak i Noreg , og Svanemerka produkt er garantert fri for det. Når til og med statlige institusjonar anbefaler forbrukarar å unngå forbrukarprodukt med antibakterielle eigenskapar, kan ein spørje seg kvifor det er tillate i heile teke.

 

Illustrasjonsbilde: Thomas Sørenes, Tacoma, Washington, USA (Cross Country), Wikimedia Commons

Facebooktwittergoogle_plusredditpinterestlinkedinmailby feather
 


Marit Kjærvik

Om

Eg synes linken mellom teori og anvendelse er veldig spennande, og ser på det som ein god utfordring å formidle dette. For smallPrint skriv eg gjerne om samfunnsrelevante og aktuelle tema knytta til nanoteknologi. Elles syns eg det er spesielt motiverande å skrive om teknologi som allerede er testa ut og som fungerer. Eg er utdanna nanoteknolog, og det kommande året er eg ansatt av GenØk- senter for biosikkerheit, der eg skal jobbe som forskar ved North West University i Sør-Afrika.


'Antibakterielle klede: Ei sveitt sanning' har ingen kommentarer

Vær den første til å kommentere dette innlegget

Del dine tanker

Your email address will not be published.

© smallPrint A.S. All right reserved. Page based on Old Paper by ThunderThemes.net