Andre søndag i advent: Kunsten å tenkje negativt

Ser du lyst på det?  Å vere optimist blir sett på som ein bra eigenskap, og positiv tenking er omtrent vedteke som fornuftig krisestrategi. Berre sjå positivt på det, så ordnar det seg nok! Men gjer det egentleg det?

Ein teknologioptimist har stor tru på at ny teknologi kan løyse store problem. Eldrebølge? Null stress, smarthus og robotar kan hjelpe pleiarane så me ikkje treng så mange i arbeid. Energiproblem? Thoriumkraft og fusjonsreaktorar vil i framtida vinne ut massevis av energi med minimal klimapåverknad. Brukar me opp jordas ressursar? Javel, då får me heller kolonisere Mars.

No er dette sett ein smule på spissen. Sjølv er eg teknologioptimist, men med eit heller nøkternt forhold til dei verkeleg store lovnadane. Teknologi kjem til å løyse mange problem, men det skjer ikkje av seg sjølv. I tillegg er det ofte tidsperpektivet for slike framtidsvisjonar feil, sjølv med tilgjengeleg teknologi tek det lang tid med kommersialisering og utbygging av infrastruktur. Berre tenk på kor mange i verda som fortsatt ikkje har tilgang til elektrisitet. Eit anna aspekt ein ikkje bør gløyme, er at nye løysingar kan skape nye, uforutsette problem.

Klimautfordringane er eit godt døme på problem som er for store og kompliserte til å ta innover seg. Ein kan lese nedslåande prognosar om havnivå, tap av biologisk mangfold og ressursar som går tomme dersom me ikkje handlar NO (helst i går), utan at eg heilt klarer å ta det innover meg. For innerst inne har eg lett for å tenkje at før det verkeleg går så gale, har eit eller anna geni funne ei løysing på alt. Dette er eg ikkje åleine om, og sjølv om det kan verke ganske uskuldig, har det noko å sei når dette blir fleirtalets haldning. I boka Forbruk og det grønne skiftet blir det diskutert at folk har auka tru på at teknologien skal redde miljøet, men samstundes viser teknologioptimistar mindre vilje til å ta miljøbevisste forbruksval som å køyre mindre bil, redusere energiforbruket og ete mindre kjøt. Om enkeltpersonar har ansvar til å ta slike val og korleis politikarar kan tilretteleggje for det, er óg noko å tenkje over. Men når optimisme fører til passitivitet og ansvarsfråskriving gir det grunn til å tenkje negativt.

Optimisme bør kombinerast med ein god dose utolmod og engasjement, viss ikkje er det ikkje mykje som skjer. Eg er nok ikkje åleine om å meine at det såkalla grøne skiftet går altfor sakte, og blir litt pessimistisk når ein ser på avstanden mellom klimakutt Noreg har forplikta seg til og den politiske viljen til å gjennomføre dei. Men litt pessimisme innimellom er kanskje det som må til?

God andre søndag i advent til alle der ute! Det er tre veker igjen til ventetida er over, fram til det er det er det sikkert mykje som må ordnast før julefreden set inn. Jula kjem enten ein vil eller ikkje, det er større ting eg ventar utolmodig på.


Vil du lese meir?

  • Om teknologioptimisme og miljøengasjement frå forskning.no frå 2011, meir spesifikt om CO2-lagring på Mongstad http://forskning.no/content/teknologioptimisme-og-miljoengasjement
  • Om kvifor ny teknologi alltid er mindre spektakulært enn spådd, fordi det blir så fort ein normal del av liva våre http://www.huffingtonpost.com/nicholas-agar/techno-optimism-dangerous_b_7746682.html
Facebooktwittergoogle_plusredditpinterestlinkedinmailby feather
 

Marit Kjærvik

Om

Eg synes linken mellom teori og anvendelse er veldig spennande, og ser på det som ein god utfordring å formidle dette. For smallPrint skriv eg gjerne om samfunnsrelevante og aktuelle tema knytta til nanoteknologi. Elles syns eg det er spesielt motiverande å skrive om teknologi som allerede er testa ut og som fungerer. Eg er utdanna nanoteknolog, og det kommande året er eg ansatt av GenØk- senter for biosikkerheit, der eg skal jobbe som forskar ved North West University i Sør-Afrika.


'Andre søndag i advent: Kunsten å tenkje negativt' har ingen kommentarer

Vær den første til å kommentere dette innlegget

Del dine tanker

Your email address will not be published.

© smallPrint A.S. All right reserved. Page based on Old Paper by ThunderThemes.net